onsdag 30. november 2016

Makromobbing


Denne uka har eg vore på seminar om mobbing i skulen. Innfallsvinkelen til eit par av bidragsytarane gav ny næring til tankar eg har hatt lenge.

Professor Robert Thornberg frå Linkøbing Universitet viser til Albert Banduras teori om sjølvregulering og «moral disengagement»/moralsk avstandstaking. Thornberg hevdar at dei som mobbar scorar høgare når det gjeld moralsk avstandstaking.

Moralsk avstandstaking gjer seg ulike utslag som til dømes:
  • ·       rettferdiggjering av eigen åtferd.
  • ·       bagatellisering av negative handlingar.
  • ·       samanlikning med det som er verre. «Dette er vel ikkje så farleg. Må vel tole sopass»
  • ·       skulde på andre, og ansvarleggjera andre for eigne handlingar.
  • ·       pulverisering av ansvar. «Eg er berre med gode vener. Eg kan ikkje ta ansvar for det dei gjer.»
  • ·       minimering av konsekvensar. «Det er berre ord, eg har ikkje gjort noko».
  • ·       dehumanisering. Å gjere offeret mindre menneskeleg.
  • ·       skulde på offeret. «Det er ikkje anna å vente slik han ser ut/oppfører seg etc».


Miljø og kultur er viktig for korleis moralsk avstandstaking får breie seg.

Paul Horton, også frå Linkøping Universitet, meiner vi i skulen må sjå meir på kva det er i settinga  som gjer at nokon mobbar andre. Ikkje berre sjå kva det er med individet, men sjå kva det kan vere med omgjevnadene og konteksten mobbinga skjer i.

Uri Bronfenbrenners utviklingsøkologiske modell viser korleis våre sosiale interaksjonar vert forma av gjensidig samhandling mellom dei fire systema i modellen. Desse systema er vi alle ein del av, og i sum utgjer dei vårt miljø og kultur.


Til dømes er det diverre slik at presidentvalkampen i USA har aktualisert kva makrosystemet har å tyde for korleis vi som individ samhandlar og dannar grunnlag for eit miljø med meir mobbing. Verdas mektigaste er no ein kar som gjennom lang tid har brukt tida si på å latterleggjere og audmjuke andre som på mange måtar stiller svakare enn han sjølv. Amerikanske lærarane melder om meir mobbing i skulen og har døypt fenomenet «the Trump Effect». Dette gjer det svært tydeleg at det som skjer i makrosystemet lett kan underminere det som skjer i dei andre systema, inkludert alt godt haldningsskapande og anti-mobbearbeid i skulen.

Kva gjer så vi som arbeider i skulen? Korleis snakkar vi med barn og unge om åtferda og haldingane til verdas mektigaste? Går vi rett i fella og brukar moralsk avstandstaking for å bagatellisera, forklara og rettferdiggjere det den komande presidenten gjer og står for? Vi må hugse på at mannen trass i alt er valt av folket, og at det er mange i vårt eige land som tykkjer han er ein god kandidat. Korleis manøvrera vi i dette landskapet?

Vi treng heller ikkje kryssa dammen for å sjå moglege utfordringar i makrosystemet her i Noreg. Eg kan ikkje fri meg for å bekymre meg for kva det gjer med oss at ein av våre mektigaste politikare jaktar på ulovlege innvandrarar med tv-kamera på slep. Kanskje uroa er ugrunna? Listhaug representera trass alt Noregs tredje største parti, og rundt 40% av alle Nordmenn meiner ho gjer ein god jobb. Det er endåtil rett oppunder 60% som synes ho gjer ein god jobb når det gjeld innvandring. Kven er eg til å moralisera og meine at eg veit betre? 

Sjølv om andre parti og politikare hadde sitte ved makta er det truleg at den praktiske politikken hadde vore mykje lik. Gjer det verkeleg noko om Listhaug kommunisera i store bokstavar, seier ho er glad for å sende små born oppvaksne i Noreg til utrygge land og karakterisera meiningsmotstandarar som hylekor? Eller bidreg det til moralsk avstandstaking, som rettferdiggjering, «vi kan ikkje hjelpe alle som har det vondt», avstandstaking, «det kunne vore verre», «vi må vere like strenge som dei andre landa», «det er berre ord» og «det er deira eigen feil at dei ikkje har komen seg ut av Noreg før».

Eg har òg sett lærarar poste ufine kommentarar i sosiale medier. Sjølv om ein «sparkar oppover» vil eg hevda åtferda kan bidra til eit miljø og kultur som kan gje grobotn for moralsk avstandstaking og betre vilkår for dei som mobbar andre.  Vi har alle eit ansvar, og folk med makt har eit ekstra stort ansvar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar