fredag 7. oktober 2016

Evnerike elevar – og kva så?

Nyleg kom NOU 2016:4 «Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial.» Denne utreiinga er også kjend som «Jøsendalutvalet», og er ei bestilling frå Kunnskapsministeren. Minister Røe Isaksen meiner det er mangel på medvit og kunnskap om denne elevgruppa og at dei er gløymde i skuledebatten.

Eg tek utgangspunkt i at dette er ei fornuftig prioritering frå Kunnskapsministeren si side, men undrar også på kva som ikkje allereie vert dekka i opplæringslova;
§ 1-3.Tilpassa opplæring og tidleg innsats
«Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven»,
og i forskrift til opplæringslova:
§ 3-11.Undervegsvurdering
«Undervegsvurdering i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven, lærlingen og lærekandidaten aukar kompetansen sin i fag».
Samla kan ein seie at elevens kompetanse skal aukas og opplæringa skal tilpassast, men det er ikkje noko nytt.

I samband med arbeidet til Jøsendalutvalet vart det utarbeidd ei forskingsoppsummering frå Kunnskapssenter for Utdanning: «Evnerike elevar og elevar med stort læringspotensial
Her kan ein mellom anna lese:
Innhaldet i skulen må vera tilpassa elevenes kognitive, psykologiske, sosiale, kulturelle og faglige føresetnader.
Å vere evnerik er kontekstavhengig og dei evnerike er ikkje ein heterogen gruppe.
Det er viktig med motivasjon og innsats.
Evnerike elevar er også sosiale.
Å vere evnerik er ikkje ein medfødt og uforanderleg eigenskap.
Det er viktig at læraren skaper ein godt læringsmiljø.

I rapporten frå Jøsendalutvalet kan ein mellom anna lese at:
          Det er spesielt viktig med;
identifisering og anerkjenning,
pedagogisk differensiering,
organisatorisk differensiering.
          Det som fremmer læring er:
                    medverknad og sjølvregulert læring,
                    relasjonar, kommunikasjon og samarbeid,
                    motivasjon og følelsar,
                    forkunnskapar og interesser,
                    utfordringar å strekkje seg etter,
                    vurdering for læring,
                    djubdelæring og tverrfaglegheit.

Eg kan ikkje fri meg frå å tenkje at her er det mykje som er heilt sjølvsagd for dei fleste lærarar. For meg verkar det som om det er elevar og læringsmiljø generelt som omtalas her. Forfattarane av forskingsoppsummeringa skriv også at forskinga er mangelfull, av variabel kvalitet og at det er dels store kunnskapshol. Det er det ikkje vanskeleg å tru på etter å ha lese denne rapporten.

Eg er skeptisk til behovet for å avgrense elevar med stort læringspotensial til 10-15% av alle elevar. Sanninga er vel heller at alle barn har eit ufatteleg stort læringspotensial. Eldar Dybvik skriv om dette i Aftenposten; er det verkeleg nokon som kan utelukkast?

Det er nettopp her både gleda og utfordringa for alle lærarar ligg; å gjera den enkelte elev så god som han eller ho har potensiale for å bli.



Elevane beskrivne i rapporten treng akkurat like mykje tilpassa opplæring som det alle elevar treng for å auke læringsutbytte og realisera læringspotensialet deira. Så enkelt og så vanskeleg.

Føl ein prinsippet om tilpassa opplæring er det lite som er til hinder for  raskare progresjon og meir dybdelæring for einskilde elevar i eit eller fleire fag eller tema. Det er heilt i tråd med ambisjonane i Meld. St. 28 (2015-16) Fag - Fordjuping - Forståing
Sjølvsagt er elevane avhengig av ein fagleg og pedagogisk oppdatert lærar som skjøner kva mangfald vi har av elevar i skulen, men det gjeld alle, og eg er usikker på om det er naudsynt å setje elevar i bås eller kalla dei noko spesielt for at det skal vere mogleg.

Det er noko som heiter «å slå inn opne dører». Eg kan ikkje fri meg for at det er tilfelle i denne saka, sjølv om det sjølvsagt er nokre fordelar med rapporten. Det er viktig å minnast på at vi i skulen har eit stort mangfald av elevar med ulike evner og føresetnader og at vi må gjera vårt beste for at opplæringa fremjar læring, vekst og utvikling for alle.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar